Alle målingar må starte ein stad; det må etablerast eit utgangspunkt som er mest mogleg stabilt. All geografisk informasjon blir utarbeidd basert på referanserammer, og det er utarbeidinga av desse som er hovudrolla til Kartverket og geodesifaget.

Jorda rører på seg - heile tida

Dersom ein eksempelvis ønsker å måle endringar på jorda som landheving, havnivå eller kontinentalrørsler, er ein avhengig av å etablere ein presis referanse å måle mot. Utfordringa er at jordkloden er i konstant rørsle i fleire retningar og med varierande fart. Det er krevjande og komplisert å etablere ein referanse til noko som rører på seg - heile tida.

Til betre og meir presis referanseramma er, til betre og rettare blir den geografiske informasjonen. Overvaking av endringar på jorda krev høg presisjon over tid, på millimeternivå.

Utgangspunkt i verdsrommet

Bruk av satellittar og målingar med utgangspunkt i verdsrommet er framtidsmåten å realisere referanserammene på - og med langt høgare presisjon enn i dag.