Temperaturauken utvidar vatnet og set det i bevegelse. Sola varmar óg opp lufta i atmosfæren og set ho i sirkulasjon. Dette skaper vind og trykkforskjellar i atmosfæren. Vinden er også ei av drivkreftene til havstraumane.

To typar havstraumar

Havstraumar kan delast inn i to typar: Overflatestraumar og djupe straumar. I hovudsak er det ulik tettleik på vatnet som driv dei djupe havstraumane, medan vinden driv overflatestraumane.

Meteorologane melder mellom anna vinden ved å måle trykket i atmosfæren (høgtrykk og lågtrykk).

På same måte kan ein fastsetje havstraumane om trykket i havet er kjent. Trykket i havet er vanskeleg å måle nøyaktig ved direkte målingar, men kan avgjerast ut frå målingar av tettleiken i vatnet, det vil seie temperatur og saltinnhald. Dette har havforskarar halde på med i alle år. 

Målingar frå rommet

Dessverre har det vore umogleg å dekkje alle hava i verda ved hjelp av punktmålingar. Dei små havstraumane har det ikkje vore mogleg å få med i modellane.

Difor har havforskinga trekt ut i verdsrommet og tatt i bruk alternative metoder og satellittmålingar med tilnærma global datadekning. Men det er berre overflatestraumane som kan fastsetjast ut frå satellittmålingar.

Gravitasjonskreftene

Om vi hadde hatt ein jordklode som sto i ro, ville havet ha fordelt seg etter korleis gravitasjonskreftene trakk på vatnet, med andre ord etter massefordelinga til jorda. Mye masse, til dømes eit fjellmassiv eller ein innlandsbre som Grønland, trekk meir på vatnet enn mindre masser.

Havet ville ha fordelt seg til ei jamn flate. Viss vi tenkjer at denne flata fortset inn under kontinenta, får vi ei lukka flate som dekkjer heile jorda. Denne flata kaller vi geoiden, og den er ei potensialflate i tyngdefeltet til jorda. Det er den som i røynda er referanseflaten for høgde, altså er Galdhøpiggen 2469 meter over geoiden.

Satellittmålingar

I røynda er ikkje jorda i ro, og heller ikkje havet. Havet blir utsett for tidekrefter frå sol og måne, ver og vind. Alle desse prosessane er årsaker til at havet har ein topografi og at geoiden ikkje tilsvarer ei midlare havflate.

Den verkelege havoverflata, eller havnivået, har blitt målt med såkalte altimetrisatellittar sidan 70-talet. Særlig éin satellitt, skote opp i 1992, har gjort at ein i dag kan bestemme midlare havnivå frå 66 grader nord til 66 grader sør med ei nøyaktigheit på heile 5 cm. Havområda lenger nord er også blitt målt med altimetrisatellittar, men ikkje like lenge. Difor er det ikkje så mange målingar – og havoverflata er ikkje like godt definert.

Topografien i havet

På lik linje med topografien for landområda kan også havtopografien bli gitt av høgder over geoiden. Havoverflata er nøyaktig fastsett av altimetrisatellittane, medan geoiden er fastsett ut frå tyngdemålingar. Dersom dei to flatene blir trekt frå kvarandre, sit vi att med topografien i havet. Havtopografi = havoverflata – geoiden. Og hellinga, eller kor bratt havtopografien er, fortel oss kor stor fart overflatestraumane har.